Wathne Feriesenter
Velkomen til Wathne Camping!
Din ferieplass i Ryfylke - Midtpunktet i Rogaland. Rett ved vestre enden av Nedre Tysdalvatnet og Nasjonal Turistveg Ryfylke (Rv13) ligg Wathne Camping.
Betty og Sam Speer har laga ein god familieplass kor både foreldre og born kan føle seg sikre og trygge, og ha eit fantastisk opphald i den vakre Ryfylke-naturen.
Ut frå vår beste evne har me gjort utleigehyttene våre både praktiske og komfortable med bad/dusj stue, eit lite kjøkken og sengeplass til 6 personar. Både dei og resepsjonen er røykfritt område. Resepsjonsbygningen har ein stor kjellar med biljardbord, treningsutstyr, TV og ein leikekrok med innandørs leiker, som t.d. TV-spel.
Ønskjer du å leige hytte kan det vere lurt å reservere per telefon eller mail pga stor etterspurnad i sesongen.
Ute har me eit stort grasområde med tilgong til straum og vatn for bubilar, campingvogner og telt. Separat bygg med toalett, dusj, kjøkken, vaskemaskin og tørketrommel for dei som ikkje bur i hytter. Det er også høve til å sove i eigen bil.
Av omsyn til born er heile campingplassen alkoholfri utandørs, i fellesområdet og servicebygningar.
Sandstrand og badeplass. Kort veg til startpunkt for turen til Preikestolen.
Ledig plass for heilårsleige for campingvogner. Ta kontakt for meir informasjon.